Rust or bustBaren er nå stengt! 🚪
logo
Logg inn

Dato:

Klokkeslett:

16:00

Slutt:

18. august kl. 02:00

Sted:

Programmerbar

Kontaktpersoner:

Programmerbarleikane

Velkommen til Programmerbarleikane 2024!

Er du ein staffettens mester? Er bordtennisballen ein gamal ven? Er du registrert som eit akademisk våpen? Er "god stemning" ditt juridiske mellomnamn? Skriv du namnet ditt med stor forbokstav?

I så fall er du på riktig plass! Sett din fysiske og mentale styrke på prøve i årets utgåve av Programmerbarleikane, med ein sjanse til å vinne fantastiske premiar og udødeleg respekt frå dine medstudentar!

Kom som eit lag eller finn laget ditt her! Kvart lag må bestå av fire til seks personar, og her vankar det bonuspoeng for sterke lagnamn. Programmerbarleikane er også ein god publikumssport for deg som føretrekk å bidra til stemning på sidelinja, så kom og hei!

Baren er åpen frå 16:00 til 02:00, så det er anledning til å henge i baren både før og etter sjølve leikane. Programmerbarleikane 2024 brakar laus laurdag 17. august 18:00.

Har du det som skal til for å vinne, eller må du nøye deg med utruleg godt humør og fantastiske minner?

Me sjåast på din nye favorittbar!

MERK. Ved å delta på eit arrangement i regi av echo forplikter du deg til våre etiske retningslinjer.

Det er ikkje lov til å ha med medbrakt drikke til Høyteknologisk senter. All drikke vil bli konfiskert.

Det vil være mulig å kjøpe diverse drikke til studentvennlige priser i Programmerbar