JavaScript™Baren er nå stengt! 🚪
logo
Logg inn

Dato:

Klokkeslett:

16:00

Kontaktpersoner:

Intro til Brygging 🍲➡️🍺

INGEN PÅMELDING NØDVENDIG!

Har du nokon gong lurt på korleis øl vert til? På dette introkurset i ølbrygging får du ei enkel og spanande innføring i heile bryggeprosessen – frå dei første ingrediensane til ferdig, skummande øl i glaset. Me går gjennom utstyr, råvarer og dei viktigaste stega i brygginga, og du får gode tips til korleis du kan kome i gang med å brygge ditt eige øl heime.

Du får òg høyre om fordelane med heimebrygging, som moglegheita til å skape unike smakar, produsere eigen drikke, og ha ein kreativ og sosial hobby. Som ein ekstra bonus avsluttar me kurset med smaking av eit heimebrygg, der du kan kjenne forskjellen og stille spørsmål undervegs.

Alle som deltek får tillgang til bryggelaget sitt bryggeutstyr, og kan byrja å brygga sine eigne øl, cider, vintypar, eller selzer.

Kurset passar for nybyrjarar og alle som er nysgjerrige på ølbrygging. Velkomen til ein lærerik og smakfull kveld! 🍻

Fredagsopent er sjølvsagt i gang samtidig!