🤙🤙🤙

logo
Logg inn

Forskingsassistent i informatikk – inntil 4 stillingar

Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil 4 stillingar som 30 % forskingsassistent (vitskapeleg assistent) i informatikk, i anten kode 1019 eller 1020. Stillingane er for ein åremålsperiode på 24 månader og er finansiert av NFR-prosjekta AUTOPROVING og SYMBOALGO.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Som forskingsassistent vil du være ansvarleg for følgande oppgåver:

  • Implementering av algoritmar for kombinatoriske problem.
  • Eksperimentell evaluering av dei implementerte algoritmane.
  • Skriving av rapportar som beskriv tekniske detaljar av implementerte algoritmar, eventuelle implementeringsdetaljar og eksperimentelle resultat.
  • Deltaking i forskingsaktivitetar, som å lese vitskaplege artiklar, presentere resultat i seminar, work-shops, osv. Arbeidet ditt vil bli delt inn i ei rekkje milepålar som skal avtalast under gjennomføringa av prosjektet. Du vil arbeide sjølvstendig mot fullføring av kvar milepåle og vil ha stor fleksibilitet i organiseringa av din tidsplan, med omsyn til å fullføre milepælane innan dei avtalte fristane. Stillinga er kompatibel med fjernarbeid innanfor Noreg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Gradkrav: For å kvalifisere for stilling som forskingsassistent 1019: Du må ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller eit anna relevant fag.

For å kvalifisere for stilling som forskingsassistent 1020: Du må ha oppnådd mastergrad i informatikk eller eit anna relevant fag.

Krav til dokumentert ekspertise:

  • Du må ha framifrå programmeringsferdigheiter anten i C++ eller i Python.
  • Du må ha sterk erfaring på minst ett av følgende områder: ** Implementering av algoritmar for kombinatoriske problem, eller ** Utforming av optimaliseringsmodellar ved bruk av SAT-løysarar, lineær programmeringsverktøy, eller ** implementering av maskinlæringsmodellar ved bruk av state-of-the-art bibliotek som TensorFlow, Keras, osv.
  • Du må ha sterk kompetanse i både skriftleg og munnleg engelsk.

Fordelaktige krav

  • Gode resultat i programmeringskonkurransar eller matematikkonkurransar er ein fordel.
  • Publikasjon i internasjonale konferansar innan algoritmar/kombinatorikk er ein fordel.
  • Framifrå karakterar på relevante kurs relaterte til algoritmar er ein fordel.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, mellom anna evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, gode samarbeidsevner og gode kommunikasjons- og formidlingsevner.
  • Ambisjonar og potensial vil telje ved vurdering av kandidatane, like eins interesse og entusiasme for undervisning og formidling.

Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • For stilling som forskingsassistent i kode 1019: Løn etter lønssteg 35 i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 414 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For stilling som forskingsassistent i kode 1020: Løn etter lønssteg 42 i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 448 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga,
  • CV
  • Ver vennleg og inkluder i søknaden din prov på programmeringsekspertise, som lenker til opne kjeldekode-repositorium der du har betydeleg bidrag, lenker til rangering i programmerings- eller matematikkonkurransar, osv.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå bachelor/masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og eventuelt mastergrad.
  • Relevante attestar eller kursbevis
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søk via lenken.

Universitetet i Bergen logo

Bedrift

Universitetet i Bergen

Sted

Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

Søknadsfrist

15. april 2024

Årstrinn

3 - 5. trinn

Stillingstype

Deltid